Sample Image
 

Polls

Denne siden var ....
 
Home
Avkristning PDF Print E-mail
Wednesday, 17 August 2011

Gjev ikkje djevelen rom!


Slik heiter det i Paulus sitt brev til efesarane, kapittel fire vers tjuesju. I seks år nå har dei raud-grøne styrt landet. Frå dag ein har dei gjort sitt beste for å gje djevelen rom i det norske samfunnet:

1. Bordbøn var ikkje ønskjeleg, derimot var det fint om borna kunne syngje lovprising til kua.

2. Kristentrua var det ikkje ønskjeleg å fokusere på i barnehage og skule, derimot var religionsblanding noko å satse på, til full forvirring for den oppveksande slekta.

3. Gudstenester ved høgtider og skuleavslutning var ikkje ønskjeleg, derimot var det som nærast kan karakteriserast som platt prat framtidsretta.

4. Skapingssoga slik vi kan lese den i Bibelen var ikkje ønskjeleg, derimot var apekatt-teoriane åt Darwin visstnok av det gode.

5. Ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne, slik Guds vilje er, var ikkje noko å satse vidare på. Nå skulle heidenskapen overta heimane!

6. Israel-venskapen var ikkje ønskjeleg, derimot var støtte i hundremillionars-klassen til Israel sine fiendar av det gode.

Med det har den raud-grøne regjeringa fått land og folk bort frå Herren si velsigning, og inn under forbanninga.

Djevelen utnytta romet han fekk. Djevelen styrde sin tenar, og vi fekk 22.juli med sundsprengde bygningar og gravferder i fleng. Sanneleg fekk vi røyne det Johannes skriv i evangeliet sitt kapittel ti vers ti, der det heiter at djevelen berre kjem for å drepa og øyda.

Hallvard Kvæven,
Sirdal.
Last Updated ( Wednesday, 17 August 2011 )
 
< Prev   Next >

Login Form






Lost Password?
No account yet? Register

Who's Online

We have 2 guests online
© 2017 abort.no